Om båtlaget

Kinsarvik Båtlag er lokalisert til bukta mellom Holmen og Granden i sentrum av Kinsarvik. Her har laget festa eit område som ved sidan av moloen femner om bukta med ei landstripe innafor..


Kinsarvik Båtlag sitt føremål er i første rekke å samla båtinteresserte i arbeidet for å:

- Skapa og halda vedlike ei god og trygg hamn.
- Samarbeida med lokale styresmakter for å løysa aktuelle oppgåver innafor ramma av føremålet.
- Ta vare på medlemane sine rettar til fornuftig utnytting og bruk av hamneområdet.

Samstundes skal laget vera ein stad der medlemane kan dyrka sosialt samvær og felles interesser fot båt og båtliv.

Laget vart stifta i 1970. Medan ein tidlegare hadde fortøyd båtane etter som det passa den einskilde, vart det no samarbeid om dette òg. Her vart fleire og fleire båtar, og den vesle hamna måtte utnyttast betre. Då måtte ein løysa oppgåvene i fellesskap. Men sjølv om her var få og små båtar, var det likevel vanskeleg å finna livd. Berre eit skjer like på utsida av Granden var det som gav ly for båtane innafor når vestavinden stod på som verst. Men litt etterkvart vart sundet mellom skjæret og land fylt att, og ein kunne fortøya båtane sine meir trygt. Her vart fort trong for meir plass, men først måtte moloen utvidast.

Meir fart på utfyllinga på moloen vart det først etter at bustadbygginga på Huse skaut fart. No vart her overskotsmassar frå veg og tomter, og moloen voks merkbart. Seinare vart tilveksten mindre synleg sidan sjødjupna raskt auka på til 20 m. (Og her er me no. Med ei slik djupn er me oppe i 1000 m3 fyllmasse for ein moloauke på 1 m. I praksis er utvidinga derfor stoppa opp.)

Samstundes vart det sett i gang eit mykje omfattande oppmudringsarbeid i hamnebassenget, og den første flytebryggja vart kjøpt inn. I takt med auka medlemstal har hamna blitt utvida med to nye pirar og fleire bryggeseksjonar til dei tre pirane. Me har i dag oppunder 80 båtplassar.

Moloen gjev livd for maksimalt 7-8 båtplassar til, etter det er her fullt. Me ser for oss at det vil gå eit par år før me er komne dit, etter det er båtplassar mangelvare i Kinsarvik òg. Berre rikeleg tilførsel av overskotsmassar frå eit større vegprosjekt kan hindra dette.

Me må nemna dei største investeringane våre:
Det er mudra opp i heile hamna.
So langt er det lagt ut bryggjer med plass til 75 båtar. Alle bryggjene er forsynt med straum og vatn.
Det er lagt ut skiferheller i gangvegane til bryggjene.
Vidare er det laga til båtopptrekk der ein òg har ført fram straum og vatn.
Langs land er det sett opp gateljos.
Båtlaget har bygd ei større og ei mindre gjestebryggje med straum og vatn for vitjande.
Me har sett opp Web-kamera med utsyn utover båthamna og Hardangerfjorden. Her har me òg montert trådlaust internettsamband for vitjande i gjestehamna. Me var først ute med det i Ullensvang.
Heimeside for båtlaget vart lagt ut i 2007 og er oppdatert seinast i 2022.
I 2012 fekk båtlaget leiga det gamle reinseanlegget til heradet og fullførte arbeidet i 2014 etter at det hadde vorte utført over 700 dugnadstimar.
Våren 2013 la vi ut ei betongflytebryggje i forlenging av gjestekaien, og vonleg kjem endå ei flytebryggje på plass her.

I samband med desse og andre prosjekt er det òg utført mykje arbeid.

So langt har me ikkje motteke tilskot frå nokon til desse prosjekta.
Samla har dette kosta oss over 3 mill, ei stor investering for eit lite båtlag.