ImageStraum og vatn

Her siterer ein frå §14 i Hamnereglementet siste avsnitt: «Båtlaget disponerer straumuttak og vasspostar. Vatn kan disponerast fritt, men ein skal likevel unngå unødig vassforbruk. Vasslange skal rullast inn etter bruk. Straum til støvsugar, drill, lading av batteri m.m. kan brukast fritt, medan det skal betalast avgift for straum brukt til oppvarming. Medlemen skal ta kontakt med styret for tinging av straumuttak for slik bruk.»

Dei som ynskjer ha fast straum om bord i båten, t.d. til oppvarming, pliktar melda frå til styret. Før ein kan nytta straum til slik oppvarming, må ein skriva under ein kontrakt med båtlaget. Båtlaget tek ikkje ansvar for straumbrot og dei fylgjene dette kan få for båteigaren. Båteigaren er elles ansvarleg for at andre ikkje skal kunna misbruka straumuttaket ein får tildelt. 

Båteigarar som ynskjer straumuttak til båten vinteren 2016/2017, tek kontakt med Øyvind Solberg, tlf. 489 56 136. 

 

Målarane vert avlesne ved ut- og innlevering av lykle, eller ein gong pr år, og då innan slutten av mai månad. Prisen er kr2,50 pr kWh.