GJELDANDE PRISAR I 2019
VEDTEKNE PÅ ÅRSMØTET 2019
Prisar ved tildeling av båtplassar
Ved tildeling av båtplass skal det
betalast eit innskot som er rekna ut
i høve til breidda på bryggja, og om det er kort eller lang utliggjar. Innskotet vert betalt attende utan renter
eller andre tillegg, dersom den som har fått tildelt bryggje, seinare seier frå
seg bryggja.
I tillegg skal det betalast eingongsavgift som ikkje vert betalt
attende.
Det er lægre prisar for sørsida av den
inste bryggja enn i resten av båthamna. Dette fordi det er mindre rom for
manøvrering her, og fordi det er nytta fortøyingsbommar på begge sider i kvar
bås. Prisane for innskot og eingongsavgift er fastsett slik:
Vanlege bryggjer:
Pris per meter breidd, lang utliggjar: Kr 6 420,-
Pris per meter breidd, kort utliggjar: Kr 5 620,- Breidda på bryggjene vert målt
Fast komponent: Kr 3 210,- frå senter til senter
Eingongsavgift Kr 2 680,-
Bryggjer på sørsida av den inste
bryggja:
Pris per meter breidd: Kr 3 750,- For bryggjer med gangbane:
Fast komponent: Kr 1 630,- Tilleggsinnskot på kr 1850,-
Eingongsavgift Kr 2 340,
Ekstra lykle (kvar medlem kan maksimalt ha ein ekstra lykle): Kr 400,-.
Ved utmelding skal lyklar leverast attende, avgift for ekstra lykle vert ikkje
refundert.
Depositum lykle for andre: kr. 500,-(vert betalt attende når leigetilhøve tek slutt)
Båttralle per døger: Medlemar kr.100,-, andre kr. 100,-
Årlege avgifter (rekning plar verta send ut i april månad):
Medlemskontingent pr. medlem Kr 500,-
Bryggjeleige pr. meter breidd Kr 500,-
Fast årsavgift for bryggjeplassen Kr 500,-
Kortidsleige i båthamna, pris per månad:
"0-plassar" (mellom inste utliggjar og land) kr 300
Sørsida av C-bryggja kr 500
Andre plasssar, også i gjestehamna om vinteren, kr.80,- per meter båtlengd per månad.
Bruk av straum kjem i tillegg
Leige av båtplassar for gjester om sommaren, pris per døgn:
Båtar til og med 30 fot kr 150
31 - 40 fot kr 200
Over 40 fot kr 250
Prisane inkluderer bruk av straum i denne perioden.
Sommaren er i denne samanhengen fastsett til månadene f.o.m. mai til og med august,
vinteren dei resterande månadene.
I tillegg til å betala kontant i båthamna, kan det no betalast med Vipps til 510668.
Rentekompensasjon: Satsen vert sett til førre året si styringsrente i Norges Bank +2%-poeng.
Ordninga gjeld 6 medlemar, som etter gjennomgangen i 2017-18 har valt slik ordning i staden for
for å betala inn tilleggsinnskot for å disponera større bryggje enn opprinneleg betalt innskot for.
Straum og vatn: Ordninga som gjeld i 2018, vert vidareført, m.a. slik at bruk av straum i perioden
1. september - 30. april skal betalast med same pris per kwh som båtlaget betaler for straumen, pluss
ei årleg fastavgift på kr. 150,-.
Bruk av dusj, vaskemaskin og tørketrommel for medlemar (nytt frå 2019):
Dei som bruker desse tenestene, skal betala kr.10,- per gong. Den einskilde må sjølv halda oversikt over
eige forbruk og vippsa betaling for bruk til båtlaget.
Godtgjersler til styret og andre:
Godtgjerslene vert vidareført uendra med tillegg for at kontaktpersonen(nestleiar får fast årleg godtgjersle).
Satsane er fylgjande:
* Leiar, kontaktperson/nestleiar, skrivar og rekneskapsførar kr.5000,- per år kvar
* Nettsideredaktør kr. 1500 per år
* Revisor kr. 1000 per år.
* Styremedlemar/varamedlemar kr.250 per styremøte dei har møtt på(gjeld ikkje dei med fast årleg godtgjersle).