Info frå styret vår 2010
Fortøyingar
Etter synfaring i hamna den 15.04 ser styret seg nøydd til å minna om hamnereglementet og krava til fortøying. Skikkelege fortøyingar handlar om å syna respekt for både fellesverdiar og andre medlemmar sine verdiar. Dersom nokon skulle ha trong for hjelp eller rettleiing i samband med dette vil både Olav Mørkve og Andreas Aga kunna bistå med dette.
Alle fortøyingane i hamna skal vera på stell innan : 01.mai 2010.
Dugnad
Styret har sett opp ei liste over dugnadsarbeid som skal utførast vår 2010. Arbeidet er tenkt organisert slik at ulike medlemmar har fått ansvar for ulike jobbar. Dei som kan tenka seg å bidra tek kontakt med den som er sett opp som ansvarleg for dei ulike jobbane,og avtalar med desse .Det vert ikkje arrangert noko fellesdugnad no i vår, men me tek sikte på å ha det til hausten.. Dersom det er nokon som ynskjer å utføra dugnad, men som ikkje får det til å passa inn no i vår, må desse gje melding til styret slik at me kan kontakta dei for eventuell dugnad til hausten. Me vil også be om at medlemane sjølve registrerar timane sine på vedlagde timeliste. Timelister for utført dugnad vert levert inn til styret(gjerne pr e-post ) innan 01.11.10.
Kontroll av fortøyingane til anlegget
Styret har innleia eit samarbeid med Hardangerdykk for reinsking, kontroll og dokumentasjon av tilstand på fortøyingane. Me håpar vidare på at dette samarbeidet kan verta ei fast årleg ordning.
Mvh
Styret
Vedlegg:
- Oversikt dugnad vår 2010
- Timeliste
|