Straum og vatn
Her siterer ein frå §14 i Hamnereglementet siste avsnitt: «Båtlaget disponerer straumuttak og vasspostar. Vatn kan disponerast fritt, men ein skal likevel unngå unødig vassforbruk. Vasslange skal rullast inn etter bruk. Straum til støvsugar, drill, lading av batteri m.m. kan brukast fritt, medan det skal betalast avgift for straum brukt til oppvarming. Medlemen skal ta kontakt med styret for tinging av straumuttak for slik bruk.»
Styret har kjøpt inn straummålarar. Dei som ynskjer ha fast straum om bord i båten, t.d. til oppvarming, pliktar melda frå til styret som vil levera ut straummålar mot eit depositum på kr.500,-. Straummålaren skal liggja om bord i båten slik at styret lett kan lesa av målaren når ein finn dette turvande.
|