Båtlaget arrow Båtplassar  
Meny
Båtlaget
Styret
Informasjon
Vedtekter
Hamnereglement
Dokument
Båtplassar
Straum og vatn
Dugnad
Medlemar
Kontakt oss
Lenker
:
Siste nytt
Gjestebryggja
Om gjestebryggja
Diesel
Gjestebok
Logg inn





Gløymt passord?
Kart Kart -- Guest quay Guest quay -- Gästehafen Gästehafen -- Webcamera Webcamera
PDF Skriv ut E-post

Båtplassar

 

 

Sitat frå vedtektene til Båtlaget:

§ 8  Tildeling og oppseiing av båtplassar, framleige
Innbyggjarar i Ullensvang herad skal prioriterast framfor personar frå andre kommunar ved tildeling av båtplassar. Båtplass vert tildelt etter ansiennitet som medlem i Båtlaget dersom det er venteliste. Båtplass i hamna kan berre tildelast medlemer i Kinsarvik Båtlag. For tilvist båtplass vert å betala innmeldingsavgift og innskot fastsett av årsmøtet.

Tilvist båtplass kan berre overdragast til andre direkte frå ein medlem, til ektefelle eller registrert sambuar / partnar og familiemedlemer i rett opp- og nedstigande linje. I alle andre tilfelle ved utmelding skal båtplassen leverast attende til Båtlaget mot attendebetaling av depositum.


Framleige av båtplass er avgrensa til 2 år, og det er eit vilkår at den som leiger båtplassen, er medlem i Båtlaget. Etter søknad kan styret lengja fristen.


Ein vil særskild peika på desse paragrafane i hamnereglementet:


§ 5  Krav til fortøying

Båtane bør minst ha to fenderar på kvar side og ha solid og skikkeleg tauverk påmontert lydlause fortøyingsfjører bak og framme (f.o.m. 20 fot). Godt sjømannskap tilseier spleisingar og ikkje knutar, og berre dette skal brukast. Dei båtane som ligg ute vinterhalvåret skal fortøye med spring. (Sjå teikning nr 2 som viser rett fortøying i bås.)

§ 6  Krav til båten
Alle båtane i hamna skal vera i rimeleg bra stand, også estetisk. Båtar som med sitt nærvære skjemmer, er til forarging og som ikkje oppfyller desse krava, skal visast bort.

§ 7  Brannsikring
Brannlovgjevinga sine krav om generell varsemd gjeld, og den enkelte båteigar pliktar å sikre seg mot at brann oppstår i hamna eller under opplag på land. Såleis skal alt elektrisk utstyr som skøyteleidningar, arbeidslampar, varmeomnar m.m. vera av godkjent type og i forskriftsmessig stand. Slikt utstyr kan likevel berre nyttast når brukar er til stades. Vert det brukt elektrisk oppvarming utan kontinuerleg tilsyn, skal det berre brukast elektriske omnar som er godkjent for slik bruk. Det same gjeld for anna oppvarming.
Lause kanner med bensin og propan etc. skal i minst mogleg grad lagrast ombord i båten, anten den ligg i båthamna eller i opplag på land. Det skal  visast størst mogeleg aktsemd ved bruk av open eld, og røyking i samband med bruk av eldsfarleg veske eller gass er strengt ulovleg.

§ 8  Vedlikehald og orden på båtplassen
Kvar medlem må sjølv regelbunde føre tilsyn med sin plass. Feil som båteigaren ikkje sjølv kan retta, skal han straks melda frå om til styret. Skadar på båtplassen som skuldast dårleg fortøying eller aktløyse, skal belastast den enkelte båteigar.

§ 9  Lagring og garnreinsk på flytebryggjene
Jollar, gummibåtar m.m. skal ikkje lagrast på flytebryggjene. Smale kanoar, kajakkar eller liknande som vanskeleg let seg lagre annan stad i hamna, kan likevel etter avtale med styret for kortare tid lagrast på flytebryggjene. Sløying av fisk, garnreinsk og lagring av garnkassar på flytebryggjene er ikkje tillate.

 
Bilete
Fotograf:
Kven er online
Me har 2 gjestar her no
Siste nytt
Populært
havna.com
 
Go to top of page  Båtlaget | Styret | Informasjon | Vedtekter | Hamnereglement | Dokument | Båtplassar | Straum og vatn | Dugnad | Medlemar | Kontakt oss | Lenker | Informasjon | Siste nytt |