Båtlaget arrow Vedtekter  
Meny
Båtlaget
Styret
Informasjon
Vedtekter
Hamnereglement
Dokument
Båtplassar
Straum og vatn
Dugnad
Medlemar
Kontakt oss
Lenker
Siste nytt
Gjestebryggja
Om gjestebryggja
Diesel
Gjestebok
Logg inn





Gløymt passord?
Kart Kart -- Guest quay Guest quay -- Gästehafen Gästehafen -- Webcamera Webcamera
PDF Skriv ut E-post

KINSARVIK BÅTLAG

VEDTEKTER  

 Vedtekne på årsmøtet 26.03.2019, gjeldande straks.


§ 1  Namn og føremål
Namnet til Båtlaget er: Kinsarvik båtlag. 

Kinsarvik båtlag sitt føremål er å samla båtinteresserte i arbeidet for å: 

-                Skapa og halda vedlike ei god og trygg hamn. 

-                Samarbeida med lokale styresmakter for å løysa aktuelle oppgåver innafor ramma av føremålet. 

-                Ta vare på medlemene sine rettar til fornuftig utnytting og bruk av hamneområdet. 

 § 2  Medlemskap

Som medlem kan styret ta opp einkvar båtinteressert som er samd i, og som vil arbeida for føremålet til Kinsarvik båtlag. Medlemskapen fylgjer kalenderåret. Utmelding skjer skriftleg til styret.
Ein medlem som med si åtferd vekkjer forarging, verkar til skade for Båtlaget, eller ikkje rettar seg etter vedtektene og hamnereglementet til Båtlaget, kan få skriftleg åtvaring av styret. Dersom dette ikkje fører fram, kan medlemen verta ekskludert etter vedtak av styret. 

  § 3  Kontingentar
   Båtlaget har følgjande kontingentar: 

-                Innmeldingsavgift (eingongsavgift) ved tildeling av bryggje 

-                Innskot (depositum) ved tildeling av bryggje (vert betalt attende ved utmelding) 

-                Årskontingent

-                Årleg bryggjeleige 

Kontingentane gjeld kalenderåret, skal fastsetjast på årsmøtet og betalast etter tilsendt faktura med nærare fastsett forfall. Dersom det ikkje er betalt innan nærare fastsett frist etter purring, kan styret etter gjeve varsel stryka vedkomande som medlem, og tilvist båtplass kan verta ført attende til båtlaget. Oppgjer for depositum med frådrag av restansar vert å betala ut når båtplassen er tildelt annan medlem. Avgjerda kan ikkje ankast inn for årsmøtet. 

Styret har likevel fullmakt til å inngå betalingsavtalar og fastset sjølv retningsliner og vilkår for slike avtalar.

§ 4  Organa til Båtlaget.
Dei administrative organa til Kinsarvik båtlag er: 

-       Årsmøtet 

-       Styret 

-       Eventuelle nemnder 

Det skal førast protokoll frå alle års- og styremøte. 

 § 5  Årsmøtet
Årsmøtet er øvste mynde til Båtlaget og vert halde kvart år, til vanleg innan utgangen av mars året etter og seinast innan utgangen av april. Medlemane vert kalla inn med 14 dagars varsel ved skriftleg innkalling til kvar medlem. Innkallinga skal ha vedlagt sakliste. Saker som ein medlem ynskjer handsama på årsmøtet, må vera mottekne av styret seinast 7 dagar før årsmøtet. 

Vedtak i årsmøtet vert gjort ved vanleg fleirtal. I tilfelle røystelikskap har leiaren dobbelrøyst. 

Årsmøtet kan ikkje gjera vedtak i saker som ikkje står på saklista. 

Det er ikkje høve til bruk av fullmakt korkje på ordinært eller ekstraordinært årsmøte (§6 nedanfor). 

Det ordinære årsmøtet skal handsama: 

1.     Val av møteleiar, protokollskrivar og ein til å skriva under protokoll i lag med møteleiar og protokollskrivar.

2.    Årsmeldinga til styret

3.    Rekneskapen i revidert stand, under dette eventuelt merknader frå revisor

4.     Fastsetjing av kontingentar som nemnt i §3.

5.     Framlegg frå styret til budsjett.

6.     Sjå til at tidlegare vedtak er utførde.

7.     Andre saker som står på saklista, herunder innkomne framlegg. 

8.     Val i samsvar med det som står nedanfor: 

  Medlemer til styret, kvar av dei skal veljast for to år om gongen: 

-       Leiar 

-       Skrivar 

-       Tre styremedlemer 

Ombodet som nestleiar skal leggjast til ein av dei tre andre styremedlemene, også dette for to år.
Dei enkelte medlemene til styret skal veljast enkeltvis, og slik at vekselvis to / tre går ut annakvar gong.

-       To varamedlemar til styret i nummerert rekkjefølgje, kvar for to år om gongen. 

-       Ein revisor skal veljast for to år om gongen

Valnemnd på to personar, som skal koma med framlegg til val for neste årsmøte

§ 6  Ekstraordinært årsmøte
Ekstraordinært årsmøte kan kallast saman etter ønskje frå styret eller når minst 1/3 av medlemene krev det, og det må då haldast seinast ein månad etter at styret har fått oppmoding om det.

 § 7  Styret
Kinsarvik båtlag vert leia av eit styre på fem personar med to nummererte vara medlemer.

Styret har det administrative myndet, representerer Båtlaget i ulike samanhengar, syter for alle løpande saker, tildeler båtplassar, kallar inn til møte og tek hand om økonomien til Båtlaget. Styret nemner opp dei nemndene som er turvande for å løysa bestemte oppgåver, med mindre desse vert valde av årsmøtet. Styret held møte så ofte det finn det turvande. Leiar kallar inn til styremøta. Elles kan utanom leiaren eit fleirtal av styret kalla inn til styremøta. Styret er vedtaksført når leiaren, eller nestleiaren i hans fråvær, og minst to styremedlemer er til stades. Formannen pliktar med si underskrift Båtlaget andsynes tredjemann. 

Styret konstituerer seg og utpeker kontaktperson. Dersom leiar ønsker dette verv skal han vera kontaktperson.

Styret engasjerer regnskapsfører til føring av rekneskap. Styret skal i god tid innan årsmøtet syta for at rekneskapen vert lagt fram for den valde revisoren. Rapport frå kontrollen vert lagt fram for årsmøtet

§ 8  Tildeling og oppseiing av båtplassar, framleige
For å få tildelt båtplass i hamna er det eit vilkår at ein er medlem i Kinsarvik båtlag, seinast frå tidspunktet for tildeling av plass. Dersom det er venteliste for tildeling av båtplass, kan styret ved tildeling av plass leggja vekt på

-       Ansiennitet som medlem i Båtlaget

-       Lokal tilknyting. 

For tilvist båtplass vert å betala innmeldingsavgift og innskot fastsett av årsmøtet. 

Tilvist båtplass kan berre overdragast til andre direkte frå ein medlem, til ektefelle eller registrert sambuar / partnar og familiemedlemer i rett opp- og nedstigande linje. I alle andre tilfelle ved utmelding skal båtplassen leverast attende til Båtlaget mot attendebetaling av depositum. 

Framleige av båtplass er avgrensa til 2 år, og det er eit vilkår at den som leiger båtplassen, er medlem i Båtlaget. Etter søknad kan styret lengja fristen.  

§ 9  Dugnad
Alle medlemene i Båtlaget har i utgangspunktet plikt til å delta på dugnad, dersom dei vert bedne om det av styret (likevel ikkje meir enn 15 timar i året). Styret fastset nærare opplegg for dugnad, under dette økonomiske ordningar for å fordela dugnadsplikta mellom medlemene på ein rettferdig måte. 

Arbeid i styret, revisjon og liknande oppdrag tel som dugnadsarbeid. Årsmøtet kan også fastsetja godtgjersler for slikt arbeid.

§ 10  Endring i vedtektene
Framlegg til endring eller tillegg til desse vedtektene vert å leggja fram for årsmøtet gjennom styret innan den fristen som er nemnd framanfor §5. Vedtak må gjerast med 2/3 fleirtal.

§ 11  Oppløysing

Avgjerd om oppløysing av Kinsarvik båtlag kan berre verta vedteke med minst 2/3 fleirtal på det ordinære årsmøtet. Båtlaget kan likevel ikkje oppløysast om 10 av dei møtande medlemene krev at det skal oppretthaldast. Skulle Båtlaget verta oppløyst, skal overskytande midlar, etter at hamneområdet er klargjort for tilbakelevering til Ullensvang herad, fordelast på medlemene. 


 

  

 

 

 

 

 

 
Bilete
Fotograf:
Kven er online
Me har 1 gjestar her no
Siste nytt
Populært
havna.com
 
Go to top of page  Båtlaget | Styret | Informasjon | Vedtekter | Hamnereglement | Dokument | Båtplassar | Straum og vatn | Dugnad | Medlemar | Kontakt oss | Lenker | Informasjon | Siste nytt |